Linda Eide
Livet er eit språksjov - Kva språket har gjort med meg
Linda Eide
LIVET ER EIT SPRÅKSJOV – Kva språket har gjort med meg
Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det. Og laga sjov om det – og kjem til Guddalstunet med det!
Bli med inn i dei språklege fenomena Linda er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå sekundærkrenkt til reinspikka undertrykt. Frå journalistutdanning til oppseiing i NRK.
Dette er ei generell og personleg forteljing om det, fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: SPRÅKET!
Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Særleg kjend er ho som programleiar for Eides språksjov, det prisløna fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.
Tradisjonen tru er Frynsegodene og toradarane med også dette året!